To statsråder på tømmerkaiåpning
Både finansminister Siv Jensen og landbruks- og matminister Jon Georg Dale deltok på åpningen av den nye tømmerkaia i Eikefjord i går.Kaia i Eikefjord føyer seg inn i rekka av tømmerkaier den sittande regjeringa har opna dei siste åra. Finansministeren meiner kaiene er eit viktig element i verdiskapinga for skognæringa, som ho seier er blitt «stemoderleg» behandla for lenge.
– Vi er glade for at regjeringa har prioritert skognæringa. Det kan gi sysselsetting mange år framover og eg trur satsinga kjem til å gi gode resultat, seier Jensen til NRK Sogn og Fjordane.
Martin Braanaas som driv med tømmerhogst er positiv til regjeringa si satsing, men skulle ønske ein satsa meir på å også foredle tømmeret i Noreg i staden for å eksportere så mykje.
– Det hadde vore betre å bygge opp industrien her i landet. Det hadde også passa godt inn i det grøne skiftet, seier Braanaas.
Les hele saken på NRKs nettsider