Situasjonen er ekstraordinær - Norges Skogeierforbund
Hopp til innholdet arrow_downward

Situasjonen er ekstraordinær

- Situasjonen er alvorleg, og alvoret auker jo lenger tørka held på, sier styreleder Olav A. Veum i Norges Skogeierforbund til avisa Nationen. Veum støtter Maskinentreprenørenes kritikk av NAV.

‐ Det er svært urimeleg av NAV å hevde at det er slik skogbrannfare kvart år. Eg kan ikke hugse at vi har hatt ein siutasjon som har ført til totalforbod mot produksjon på denne måten før, sier Veum.

Fleire hundre skogarbeidarar risikerer no å verte permitterte grunna skogbrannfaren på Sør- og Austlandet. Fleire skogentreprenørar må innstille drifta. MEF jobbar no for at NAV skal akseptere at paragraf 3 i permitteringslønnslova skal gjelde i sommar. NAV har ikkje vurderet skogbrannfaren som ein akutt nok situasjon til at dei vil gje arbeidsgivarane fritak frå å betale ut lønn i arbeidsgivarperioden.

‐ Det er mindre krise å måtte late tømmeret stå, men noko anna når ein må late heile produksjonsutstyret til mange millionar stå ubrukt. Når dei ikkje berre må stoppe heile produksjonen, men òg betale 10-dagarsperioden sjølv, er det alvorleg å late vere å godta at dette er ein ekstraordinær situasjon, seier Veum til Nationen.